Bevar inntekta til kraftkommunane

Årsmøtet i Raudt Hordaland meiner kraftkommunane må få bevare inntektene frå krafta si sjølv.

Vasskraftkommunane har gjennom meir enn hundre år stilt sine naturressursar til disposisjon for kraftutbyggjing. Dette har skjedd gjennom ein samfunnskontrakt der store naturinngrep og tap av tradisjonelle næringar er kompensert gjennom ekstra kraftinntekter gjennom inngåtte konsesjonar, lover og avtalar,

Vasskraftkommunane har dei siste åra opplevd eit stadig aukande press og forsøk på undergraving av desse inntektene.I Raudt sitt arbeidsprogram 2021-2025 heiter det i kapittel 18 om kraftproduksjon: " Raudt vil at kommunane der krafta blir produsert gjennom dagens kraftinntektsystem skal behalde ein større del av verdiskapinga". Dette vedtaket må liggje til grunn for Raudt sin politikk både i kommunane, fylkestinga og Stortinget når regjeringa til våren kjem med sine forslag til nytt inntektsystem for kommunane (basert på NOU 2022:10). Ekstrainntektene frå vasskrafta skal framleis ikkje vere ein del av det felles inntektsystemet for kommunane.

Styrkinga av komuneøkonomien må løysast på andre måtar, som ikkje går på bekostning av kraftkommuner sitt inntektsgrunnlag